Innvik

Vikanenett

Innvik - Utvik

Nyhende

HURRA for Vikanenett 1år!!

Vikanenett 1år den 20.mars

Av Harald Røyrvik

Gratulerer Vikarar!!
No har de hatt gleda av å bruke Vikanenett i 1år!!


Namnet Vikanenett vart valgt, da dei fleste andre domenenamna vi kunne tenke oss, var opptekne.

Eg synest www.vikanenett.no er eit flott namn da dette for meg seier noko om kva sida skal by på,
nemlig kva som har skjedd og kva som skal skje i Vikanenett no.

Vi valgte å gå inn i eit samarbeid med DagenDin på Nordsida for å utvikle ei heimeside for Vikane.
Det enda opp med at vi oppretta ein nettstad med tre portalar og ubegrensa antall heimesider.
Vi har fått oss eit konsept der vi kan legge inn både lag, organisasjonar, bedrifter og liknande
med eigne heimesider og med muligheit for lag og organisasjonar å administrere dette sjølve.
Nettstaden har med andre ord muligheit for å bli enda meir innhaldsrik og brukarvenleg for Vikane.

I løpet av dette året som har gått, har vi lagt inn bedrifter, lag og organisasjonar.
Vi har ein kalendar for kvar bygd (Innvik/Utvik) og ein felleskalendar for Vikane.
Vi har fått inn nyhende både frå Innvik og Utvik og presentert desse på portalane.
Vi har også fått oss eit flott bildegalleri frå Vikane som stadig blir større,
samt gratulasjonar til dei som bur eller har budd her og eit annonsetorg.

Det som vi ikkje har fått til, og som vi har planar om, er å få til meir informasjon
til turistar i første omgang på engelsk, men på sikt kanskje også på fleire språk.

Vi har også lenge vore i dialog med DagenDin om toppbilde som vi sjølve kan byte,
og som roterar mellom fleire bilder som vi kan velge ut.

Takk til alle som har bidrege til sidene med innspel, tekst og bilder.
Vi håpar de som lesarar vil fortsette med å holde sidene intresange, så send inn stoff og bilder.
Så får vi satse på at vi også har med oss dykk sjåarane i fleire år til og at sidene blir enda bedre.


Mvh
Lindy Paulen og Harald Røyrvik




Vikanenett. Gratulerer !!

Av Jofrid Rye Hestenes


Hei!

Var igjen innom vikanenett ein tur på morningen i dag, og vil gje dykk ei positiv tilbakemelding på den flotte jobben de har gjort med heimesidene for Utvik og Innvik.

Portalen for Vikane er blitt ein populær treffstad for bygdefolk, utflytta Vikarar og ein fin stad å profilere seg for bedrifter, lag og organisasjonar.
Observerer at de er innom kvar dag, og oppdatererer sidene med aktuelt stoff, og de utfører dette på ein profesjonell måte. Dette er kjempebra!

Fint at de etter kvart og vil legge inn meir informasjon retta mot turisme!!

Lykke til vidare, i dette viktige arbeidet!


mvh
Jofrid Rye Hestenes


JUBILEUM

Av Liv Tunsberg

Hei !

GRATULERER MED 1 ÅRS JUBILEET !!

Som utflytt Innvikar vart eg både overraska og kjempeglad då eg for nokre månader sidan kom over denne hemesida for Innvik og Utvik. Her kan eg følgje med på det meste som rører seg i heimbygda mi. Ja, for sjøl om det er 55 år sidan eg flytte ut, rekner eg meg sjøl som Innvikar og prøver so godt eg kan og halde på dialekta, sjøl om "saognamaolet" kan snike seg inn av og til.

De har fått til ei flott side som eg er inne på nesten kvar dag for å sjå omdet er noke nytt.

LUKKE TIL VIDARE !


Med helsing
Liv Tunsberg
5743 FLÅM


jubileum

Av Aina Drageset Alfsvaag

Gratulerer med 1 års jubileum. Det er ei flott side dere lager. Jeg er innom flere ganger i uka. Selv om det er 35 år siden jeg flyttet er det kjekt å følge med hva som skjer i hjembygda mi. Engang Innvikar alltid Innvikar. Lykke til videre.

Hilsen Aina Drageset Alfsvaag



(Sist oppdatert 25.mars 2010, 09:12)

Gå til nyhendearkiv