Innvik

Vikanenett

Innvik - Utvik

Nyhende

Norway-Cup

Vikanejentene til Norway-Cup

Av Tanja S Hage

Fotballjentene 11 år skal til Norway-Cup i sommar. Dette syns vi er
VELDIG kjekt☺ Men det er ikkje gratis,
og jentene er klare for å finne måtar å samle inn pengar til dette på.

Dei starter no aksjon ”RING VI SPRING”. Det vil seie at om du har
behov for barnepass, dyrepass, handlehjelp, pante flasker, eller andre
ting ein 11 åring kan klare, så ringer du ”RING VI SPRING” tjenesta.
Kor mykje du vil betale for jobben/tjenesta kan du vurdere sjølv, men
hugs det går til ein god sak.
Kontaktpersonar for dette blir 1 vaksen frå kvar bygd:
Innvik: Turid Skåden Aarreberg: Tlf: 90979334 og 57891099
Utvik: Tanja Selbervik Hage: 41206102 og 57876655

I tillegg til dette vil jentene og arrangere Bingo på Kafè Sjøatunet
Dette blir den 8 mai frå kl 17.00 til ca kl 19.00
Det blir flotte premiar, og spesielt tilpassa den yngre garde.
Vi oppfordrar spesielt alle besteforelde om å kome på bingo. Vi veit
det er mange bingoglade personar der ute, og kanskje må de vente
heilt til jul med å få sjansen igjen.
Men ALLE er hjartleg velkomne.
Kafeen blir open for sal av mat og drikke.
Også her går inntektene av Bingoen til Norway-Cup jentene.

Håper på god respons på ”RING VI SPRING” og godt oppmøte på
bingoen.

Helsing Norway-Cup jentene – Vikane jentene 11 år


(Sist oppdatert 30.april 2010, 00:42)

Gå til nyhendearkiv