Innvik

Vikanenett

Innvik - Utvik

Nyhende

PRØVETIMAR BALLETT OG DANS

I mars sende vi ut orientering om at det er danna ei gruppe som skal organisere ballett og dans i Vikane. Det er Vikane IL som står bak, og har du innspel kan du kontakte May Iren Skåden eller Unni Heggdal.

Måndag den 10. mai og måndag den 31. mai vert det prøvetimar på eit opplegg som vil starte opp etter sommarferien. Lina Vangberg Skoglid, 14 år frå Olden vil vere instruktør, og ho kan undervise i ballett og hip-hop. Lina har dansa sidan ho var 3 år, og har allereide lang erfaring som danser. Dansen vert i Urdabrunn i Utvik.

Trinn 1 som er for barn i barnehagen er kl. 17.00 – 17.45.
Trinn 2 som er for barn i barneskulen er kl.17.45 – 18.30.

Det kostar kroner 20,- per barn per gang å delta på desse prøvetimane. Du treng ikkje å melde deg på, det er berre å møte opp!

Velkomne!





(Sist oppdatert 07.mai 2010, 22:26)

Gå til nyhendearkiv