Innvik

Vikanenett

Innvik - Utvik

Nyhende

Klart og eintydig nei til bompengar

Politikarane fekk noko å tenkje på

Av Fjordingen

Folkemøtet i Vikane måndag sa eit klart og eintydig nei til bompengefinansiering av fylkesveg 60 Olden-Innvik.
Bompengar vil splitte kommunen, og det er urett at lokale pendlarar skal betale gildet for ein veg som minst like viktig for andre, vart det sagt.

Les meir om saka på www.fjordingen.no.

Bastant nei til bom

Av Fjordingen

Folkemøtet i Vikane sa eit bastant nei til bompengefinansiering av fylkesveg 60 Olden-Innvik. Det vil splitte kommunen, gjere Vikane mindre attraktivt som buområde og det skadar også næringslivet. Det finst tvilarar, men det er fordi dei kjenner presset frå tryggleiken for born på skuleveg.

Det er om lag 200 pendlarar som må betale hovuddelen av gildet. Det er snakk om nær 10.000 kroner årleg i 15 år. Komunepolitikarane får saka 28. juni.

Dette står skreve på framsida til Fjordingen 12.mai 2010. Alt om saka på side 4 og 5.
Fjordingen kan også kjøpast i laussalg gjennom nettstaden www.buyandread.com.


(Sist oppdatert 15.mai 2010, 21:37)

Gå til nyhendearkiv