Mysql Error: 0 (1021: Disk full (/var/dagendin_system/temp/mysql_tmp/#sql_422a_7.MAI); waiting for someone to free some space... (errno: 28 "No space left on device"))
Nyhende
Hardt pressa i bomsaka
Stryn formannskap står framfor valet mellom pest og kolera når dei i morgon skal ta stilling til bompengar på fv Olden - Innvik.
Eit positivt vedtak med tilslutning frå kommunestyret 29. juni, inneber at fylkeskommunen må innfri lovnaden om lånefinansiering og rask fullføring av anlegget. Bompenge-nei frå Stryn kommune betyr at vegsambandet blir verande i «dødens posisjon».
Brukarar, oppsitjarar, Innvik Bygdeutvikling og Stryn Næringssamskipnad ber Stryn kommune avvise opplegget for bompengefinansiering. Rådmannen legg fram saka utan tilråding.
Dette står å finne både på www.fjordingen.no og framsida til Fjordingen måndag 14. juni 2010.
Dersom strynepolitikarane seier ja til bompengar på fv 60 Olden - Innvik, vil fylkeskommunen lånefinansiere resterande 75 prosent av kostnaden. Nei betyr at det i 2019 framleis vil mangle 320 mill. kroner på å kunne fullføre veganlegget.
Samtlege høyringsfråsegner konkluderer med at det ikkje bør innførast bompengar på fv 60 Olden-Innvik.
Les alt om bompenge-skvisa og den massive motstanden i Fjordingen måndag 14. juni 2010, side 4 & 5.
Fjordingen kan også kjøpast i laussalg gjennom nettstaden www.buyandread.com.
Brukarar, oppsitjarar, Innvik Bygdeutvikling og Stryn Næringssamskipnad ber Stryn kommune avvise opplegget for bompengefinansiering. Rådmannen legg fram saka utan tilråding.
Dette står å finne både på www.fjordingen.no og framsida til Fjordingen måndag 14. juni 2010.
Stryn kommune i bompenge-skvise
Av FjordingenDersom strynepolitikarane seier ja til bompengar på fv 60 Olden - Innvik, vil fylkeskommunen lånefinansiere resterande 75 prosent av kostnaden. Nei betyr at det i 2019 framleis vil mangle 320 mill. kroner på å kunne fullføre veganlegget.
Massiv motstand frå brukarande
Av FjordingenSamtlege høyringsfråsegner konkluderer med at det ikkje bør innførast bompengar på fv 60 Olden-Innvik.
Les alt om bompenge-skvisa og den massive motstanden i Fjordingen måndag 14. juni 2010, side 4 & 5.
Fjordingen kan også kjøpast i laussalg gjennom nettstaden www.buyandread.com.
(Sist oppdatert 14.juni 2010, 19:16)