Innvik

Vikanenett

Innvik - Utvik

Nyhende

Juni 2010 - bilde

"Utsikt frå Middagsfjellet 20/6" vart kåra til beste bilde i juni

Av Harald Røyrvik

Av dei innsendte bilda i juni, vart det bilde som Hanne og Anfinn Øren hadde tatt av utsikten frå Middagsfjellet 20/6 som vart kåra til månadens beste.

Utsikt frå Middagsfjellet 20 juni © Hanne og Anfinn ØrenBeste bilde i juni vart fotografert av Hanne og Anfinn Øren.

Dette er deira første innsendte bilde til Vikanenett og vi håpar det ikkje blir det siste.

Bilde vant ein knepen seier over Kjell Mortveit sitt bilde "Fjell bakom fjell" som fekk to stemmer mindre.

I tillegg til Kjell Mortveit sine bilder hadde også Elisabeth A Hilde sendt inn fleire flotte landskapsbilde denne månaden, sjå bilda under Bildegalleri - Landskap.
Det var også sendt inn mange fine Jonsokbilder frå Vikane som du kan sjå under Bildegalleri - Hendingar.

Herved får Hanne og Anfinn Øren hederlig omtale gjennom dette nyheitsskrivet og ved å ha bilde sitt på Bildegalleriet i ein månad.

De andre som også har eit digitalt kamera, ikkje vere redde for å sende inn eit bilde og del det med oss andre på Vikanenett. Send inn bilde til ha-roeyr@online.no.

Ver og med på å stemme fram beste bilde i juli ved å trykke på tittelen under bilde og fylle ut skjemaet.
Du kan stemme når du vil og på så mange bilder du vil, heile månaden og litt ut i neste.


(Sist oppdatert 07.juli 2010, 19:02)

Gå til nyhendearkiv