Innvik

Vikanenett

Innvik - Utvik

Nyhende

Vikane på Norway Cup

Fotballjenter 12år - Norway Cup

Av Harald Røyrvik

Norwaycup 2010_3 © Lena Heggdal SkogenVi har hatt det heilt topp alle saman, seier trenar Lena Haggdal Skogen.

- Har akkurat kome heim etter ein kjempespennande tur til Norway Cup.
- Vi vann siste kampen mot Flekkerøy 1 - 0 på ei oversvømt bane. Det var torever og det høljeregna siste timen før kampstart.

I Fjordingen fredag kan ein lese at jentene tapte dei to første kampane på torsdag, og at humøret da fekk ein liten dipp ned. Men når dei vant mot Flekkerøy i sin siste kamp gjekk nok turen heimatt med godt humør.

Foto Lena Heggdal Skogen
Norwaycup 2010_1 © Lena Heggdal Skogen Norwaycup 2010_2 © Lena Heggdal Skogen
Sjå fleire billder av Jenter 12 sin fantastisk tur til Norway Cup på www.vikaneil.no.

Midt på tabellen - sosialt fulltreffar

Av Fjordingen

OSLO (Norway Cup): Med tre sigrar, ein uavgjort og tre tap kom Vikane sine jenter 12 midt på tabellen i si pulje under Norwey Cup.

Sjå bilde og les meir om jentene i Fjordingen måndag 9. august, side 8.
Fjordingen kan også kjøpast i laussalg gjennom nettstaden www.buyandread.com.


Godt i gang med Norway Cup

Av Fjordingen

Vikane sine småjenter vann 2-1 mot Skrim, medan dei spelte 0-0 mot Sand då Norway Cup blei opna (1/8). Vilde H. Berg ogg Heidi S. Drageset scora måla.

Sjå bilde av laget og les kva Kari Skogen seier til Fjordingen måndag 2. august, side 7.
Fjordingen kan også kjøpast i laussalg gjennom nettstaden www.buyandread.com.



(Sist oppdatert 14.august 2010, 00:05)

Gå til nyhendearkiv