Innvik

Vikanenett

Innvik - Utvik

Nyhende

Frontkollisjon på Olden-Innvik

Slik gjekk forbikøyringa

Av NRK Sogn og Fjordane

Kraftig smell på fylkesveg 60 onsdag ettermiddag (18/8). Alle dei involverte er sendt til sjukehus.

Fire personar til sjukehus.

Ulukka skjedde onsdag om lag klokka 16 på fylkesveg 60 på Holen, mellom Olden og Innvik. To personbilar og ein buss var involverte i ulukka.

Prøvde å køyra forbi buss

- Det var to personar i kvar av bilane som frontkolliderte, og alle fire er sende til Førde sentralsjukehus. Tre er lettare skadd, og ein vart sendt med luftambulanse, seier operasjonsleiar Inge Verøy hjå Politiet.

Personen som vart sendt med luftambulanse er moderat skadd og sendt til intensivavdelinga på Førde sentralsjukehus, opplyser AMK-sentralen. Dei tre andre personane ligg til observasjon.

Les meir om saka på www.nrk.no/sf.

Fire skadde i frontkollisjon

Av Fjordingen

Fire personar er sende til sjukehus etter ein kraftig frontkollisjon på fv 60 ved Holen i ettermiddag.

- Det kan sjå ut som om det har vore ein forbikøyringssituasjon der ein personbil køyrde forbi bussen og frontkolliderte med ein møtande bil. Ein av bilane var også borti bussen. Bilen som køyrde forbi vart liggjande på taket i grøfta etter kollisjonen, opplyser politibetjent Vidar Stavik. Etter avhøyr på ulukkesstaden valde politiet å beslagleggje førarkortet frå den unge føraren av bilen som køyrde forbi.

Les meir om saka på www.fjordingen.no



(Sist oppdatert 19.august 2010, 07:44)

Gå til nyhendearkiv