Innvik

Vikanenett

Innvik - Utvik

Nyhende

Slutt på ventetida på strekninga Ugla - Agjeld

Slutt på ventetida på strekninga Ugla - Agjeld

Av Fjordingen

Det er slutt på ventetida på strekninga Ugla Agjeld for dei veg farande. Om ei veke vil arbeidet med 500 meter ny veg mellom Olden og Innvik, vere avslutta.

Arbeidet skulle vore avslutta 15. mai, men eit ras førde til sikringsarbeid og utsetjing slik at arbeidet kom inn i sommartrafikken.

Vi reknar med stillstand på strekninga Olden - Innvik til månadsskiftet oktober/november, seier Aase.
Det er anbodsopning for Holen-tunnelen og omlag 1.000 meter ny veg, 31. august.

Dei som ferdast strekninga Olden - Innvik dagleg og gjerne to gonger for dag, er letta over at det er slutt på venting og dei lange køane som fylgde med.

Eg har køyrt her dagleg i 20 år, fortel Steinar Frøholm som arbeider ved Fluor Lux i Stryn.

I ein anleggsperiode må vi berre akseptere at det blir slik. Vi veit trass alt at det blir betre etterpå, seier Frøholm.

Les meir om Olden-Innvik og kva Steinar seier på www.fjordingen.no.

Eller kjøp Fjordingen 20.august og få med deg alt om denne saka på side 5.
Fjordingen kan også kjøpast i laussalg gjennom nettstaden www.buyandread.com.



(Sist oppdatert 20.august 2010, 17:28)

Gå til nyhendearkiv