Innvik

Vikanenett

Innvik - Utvik

Nyhende

Internett-samarbeid i Vikane

Av Harald Røyrvik

For 10 år sidan gjekk Innvik Bygdeutvikling og Utvik Vel og Utviklingslag saman i eit internett-samarbeid.

Fjordingen skriv om dette i fredagsavisa (1/10-2010, side 19), under Fjordingen for 10 år sidan.

Der står det at laga fekk eit kommunalt tilskot på 17.800 kroner til internett-samarbeid og at dei hadde satt ned IT-utval som presenterte Innvik og Utvik på heimesider. Domenenamnet den gangen var Innvik-Utvik. Poenget var å presentere bygdene og styrke fellesskapet i Vikane.

Vikanenett er ein modernisering eller vidareutvikling av dette samarbeidet. I dag er det Lindy Paulen som på vegne av Utvik Vel og Utviklingslag og Harald Røyrvik for Innvik Bygdeutvikling som administrerer og legg inn informasjon.

For at Vikanenett skal vere oppdatert treng vi informasjon. Dersom du veit at det skjer, har skjedd eller skal skje noko i Innvik eller Utvik, send oss ein mail om dette.


Les forøvrig tidlegare nyheitskriv Vikanenett 1år den 20.mars.


(Sist oppdatert 04.oktober 2010, 09:50)

Gå til nyhendearkiv