Innvik

Vikanenett

Innvik - Utvik

Nyhende

4H i Innvik og Utvik

4H i Innvik og Utvik

Av Åge Avedal

4H Sogn og Fjordane jobbar for å starte ny 4H-klubb i Innvik og Utvik. Torsdag 4. november kl 17.30 er born og foreldre invitert til informasjonsmøte på Innvik skule.


- Vi håpar mange er nysgjerrige på 4H, og får lyst til å bli med. Vi vil først og fremst prøve å komme i kontakt med dei som er ni år og eldre. Går det slik vi håpar, kan det bli klubbstart allereie i haust, fortel Åge Avedal, 4H-konsulent i Sogn og Fjordane.

Friluftsliv, teater og leirar
4H Sogn og Fjordane vil informere om møtet i 5.-7. klasse på Innvik skule måndag 1. november. På møtet på torsdag 4. november er både born og foreldre inviterte til å bli med.

- Det blir informasjon om 4H, leikar og aktivitetar for borna og ein eigen bolk for foreldra, fortel Åge Avedal.

- 4H er for alle som likar friluftsliv, teater, dyr, matlaging, som likar å reise på leirar og turar og som vil ha det kjekt og sosialt, avsluttar 4H-konsulenten.


For meir informasjon, ring Åge Avedal: 577 23 249 / 970 72 734.


Les meir om 4H Sogn og Fjordane på www.4h.no/sognogfjordane.

Sjå også info om 4H informasjonsmøte i kallendaren her på Vikanenett.




(Sist oppdatert 02.november 2010, 13:04)

Gå til nyhendearkiv