Innvik

Vikanenett

Innvik - Utvik

Nyhende

Loppemarked

Loppemarked på Utkantsmarknaden

Av Gunn- Bente Skåden

Ei travel helg er over, og vi sit att med eit resultat vi kan vere kjempefornøgde med: 11536,50 på loppemarknaden.

Tusen, tusen takk til alle som har støtta oss, både med lopper og handling.
Tusen takk til alle foreldre som stilte på, og ikkje minst til alle dei positive ungdomane som har bidratt.
Dei har brukt mange timar i hallen og på grusbana denne helga. De er berre so kjekke å samarbeide med :-)
Høg fem te dåkke allje!!!

Vi har i tillegg solgt kaker der vi har tjent 10200,- Kjempekjekt at så mange kjøper med oss.
Det er framleis eindel plassar vi ikkje har vore og solgt kaker, så vi har no bestilt meir, og er ventande på døra di så fort dei vert levert :-)

På vegne av 9. klasse ved Olden Barne-og ungdomsskule:
Gunn B. Skåden og Ingvild Johansen


(Sist oppdatert 24.november 2010, 15:44)

Gå til nyhendearkiv