Innvik

Vikanenett

Innvik - Utvik

Nyhende

Reserve ski/sko på skulen

Av Per Inge Seime

I desse snørike nyttårstider ynskjer skulen å følgje opp kompetansemålet i læreplanen om å bruke ski.

I det høvet melder det seg behov for å ha nokre reserve ski/sko på skulen.
Om de har gamle ski/stavar og sko som de ynskjer å bli kvitt, er vi takksame om de vil gje/selje desse til skulen.

Skulen kan betale inntil 150 kr for eit sett. Vi treng utstyr i alle storleikar – heilt opptil skostorleik 42.

Kontakt skulen på 57874155.

Rektor


(Sist oppdatert 14.januar 2011, 10:36)

Gå til nyhendearkiv