Innvik

Vikanenett

Innvik - Utvik

Nyhende

E39 Skei-Volda

Januarmøte i samarbeidgruppa

Av Statens vegvesen

Det skal vere konseptvalutgreiingsmøte på Nordfjordeid tysdag 25. januar, der det skal takast stilling til kva alternativ dei skal jobbe vidare med for framtidig E39 frå Skei til Ålesund (via Volda).

Samarbeidsgruppa består av representantar frå Statens vegvesen, dei to fylkeskommunane, alle kommunane som har tilknyting til denne strekninga av E39 og andre offentlege instansar.

Vegvesenet vil i alt leggje fram 20 ulike konsept. Konsept er prinsipielle måtar å løyse eit transport- og samfunssbehov på.

I tillegg til kartskisser vil konsepta innehalde utrekningar knytt til kostnader og reisetid ved dei ulike løysingane.

Les meir om Januarmøte i samarbeidgruppa på www.vegvesen.no.



Her er to av konsepta, for å sjå nærmare på desse eller nokon av dei andre trykk på eit av bilda over.

Tre ferjefrie hovudalternativ

Fjordabladet

Statens vegvesen kjem no med framlegg om tre hovudalternativ for framtidig ferjefri kyststamveg E39 mellom Volda og Skei og tilsvarande mellom Volda og Ålesund.

S-alternativet

Volda – Kvivsvegen – Kjøs –og vidare mot Eid, men med tunnel frå Breisvora til Lote og bru mellom Lote og Anda og vidare dagens trasé om Sandane mot Skei. Tid: 88 minutt. Kostnad: 5030 millionar kroner.

Over Stigedalen

Frå Volda med bru over Voldsfjorden om Stigedalen og direkte med tunnel i retning bru mellom Lote og Anda og vidare om Sandane til Skei. Tid: 65 minutt. Kostnad: 8594 millionar kroner.

Totrinns alternativ i indre

Frå Volda om Kvivsvegen og med bru over Nordfjord ved Svarstad og tunnel gjennom Utvikfjellet om Byrkjelo og i retning Skei. Tid: 66 minutt. Kostnad: 4539 millionar kroner.

Les meir på www.fjordabladet.no.

E39 Eid - Kviven er hovudalternativet

Fjordingen

Kvivsvegen og veg vidare over Eid er definert som hovudalternativet i det utkastet til konseptvalutgreiing som ligg føre til møte i samarbeidsgruppa på Eid 25. januar.
Dagens løysing gjennom Stigedalen er framleis med, men ikkje som hovud- alternativ.

Les meir i Fjordingen onsdag 19. januar 2011, side 9


(Sist oppdatert 21.januar 2011, 10:33)

Gå til nyhendearkiv