Innvik

Vikanenett

Innvik - Utvik

Nyhende

E39 Skei-Ålesund

Brukonsept, kostnad, reisetid og omland

Av Statens Vegvesen

Kva løysingar ynskjer Statens vegvesen å gå vidare med for E39 mellom Skei og Ålesund og kvifor?

På møtet i samarbeidsgruppa 25.januar presenterte Lidvard Skorpa og Bjørn Alsaker nokre av resultata frå KVU-arbeidet så langt.

Les meir om saka på www.vegvesen.no og sett deg nærmare inn i presentasjonen som vart vist på møtet.



Bilda over viser to av i alt 111 presentasjonar som vart vist på møtet i samarbeidsgruppa den 25. januar.

Ferjefritt gjennom Nordfjord

Av Fjordingen

Prislappen på ferjefri E39 Skei - Ålesund kan bli opp til 15 milliardar kroner alt etter kva løysing som vert vald. Målet no er å få første løysingane på plass i neste Nasjonal Transportplan 2014.

Konseptutgreiinga gjennom Nordfjord har vedtaket om Lote - Anda og Kviven som hovudalternativ.

Sjølv om fleire alternativ er sila bort er det mange igjenn. Oldedalen - Stardalen er borte, men ikkje bru Frøholm - Svarstad og tunnel gjennom Utvikfjellet.

Per Kjøllesdal, som representerte Stryn kommune, var ein av dei som understreka at fylkesveg 60 er ei hastesak og ikkje må setjast på vent med tanke på at ein først skal vedta stamvegtraseen.

Det er lagt opp til eit nytt møte med styringsgruppa 22. februar og etter det blir det lagt "lok" på dei dokumenta som går til Samferdsledepartementet.

Les heile saka i Fjordingen onsdag 26. januar 2011, side 6.
Fjordingen kan også kjøpast i laussalg gjennom nettstaden www.buyandread.com.



Les også Lars Åge Hilde sin artikkel E39 gjennom Innvik?, her på Vikanenett.


(Sist oppdatert 28.januar 2011, 21:26)

Gå til nyhendearkiv