Innvik

Vikanenett

Innvik - Utvik

Nyhende

Alle er seg sjølv nærast

Synspunkt: Alle er seg sjølv nærast

Av FIRDA

E39 er ikkje først og fremst eit prosjekt for å styrke alle tettstader langs ruta.

Torsdag (27/1) fekk alle i Vikane FIRDA i posten og på side 24 kunne ein lese LEIAR-Synspunkt

Her kjem eit kort utdrag frå meiningsytringa:

Under stamvegkonferansen på Eid tysdag, fekk ti ordførarar og to fylkesordførarar, som kan få den nye E39 innom sine grenser, presentert den førebelse rapporten frå den såkalla konseptvalutgreiinga (KVU). Striden i vårt fylke, går på kva traseval ein skal gå for mellom Skei og Volda

Objektiv sett er det nok ikkje tvil om at det tredje alternativet (med bru rett vest for Stryn) både er det beste brukarmessig, tidsmessig og kostnadsmessig. At både dagleg leiar og styreleiar i Nordfjordkryssing AS meiner noko heilt anna, er likevel ikkje overraskande. Dei er begge engasjerte og betalte for å leggje alle aksjane sine i Anda-Lote-kryssinga.

Det gir heller ikkje alternativa med brua Anda-Lote noko meir legitimitet at tidlegare samferdslestatsråd Kjell Opseth påstår at akuratt denne fjordkryssinga er det einaste realistiske alternativet. Det veit han også, ikkje minst fordi han sjølv la stor vekt på både tid og pengar når han hadde ansvaret.

E39 mellom Skei og Ålesund er ikkje først og fremst eit prosjekt for å styrke alle tettstader langs ruta. Det er ei gjennomfartsåre der det avgjerande for tettstadane blir å hekte seg på ved å få til gode tilførselsvegar inn til E39. Vi skjønar sjølvsagt at ordførarane i Gloppen og Eid kjempar for at E39 må inkludere bru mellom Anda og Lote. Men når dette går på kostnad av det beste, kjappaste og billegaste, kan det ikkje tilleggjast meir vekt enn eit partsinnlegg.

FIRDA kan også kjøpast i laussalg gjennom nettstaden www.buyandread.com.


(Sist oppdatert 29.januar 2011, 21:09)

Gå til nyhendearkiv