Nyhende
Moro på fjellet
Skileik ved Røde Kors-hytta
Skigruppa og Barneidrettsgruppa i Vikane IL inviterte søndag (6/3) til karusellrenn og skileik ved Røde Kors-hytta.
Over 40 barn gjekk karusellrennet og gjennomførte eit flott løp i gode løyper. Ungane er ivrige og flinke til å gå på ski, og det var mange talent å sjå i dette Vikane Meisterskapet. Etter rennet var det full aktivitet i kuleløypa. Dei vaksne laga snø-benkar rundt bålet og det var tid for pølsegrilling. Det var også sal av kaker og alle fekk saft.
Foreldra vart utfordra til å stille stafettlag, Innvik mot Utvik. Utvikarane møtte svært stilfulle og med dagens mest imponerande skipar, 5-mannsski!
Innvikarane såg raskt sjansen til å få seg ein seier og spurta kvar si runde i løypa, så skjørt, hår og skinnfrakkar blafra i vinden. Utvikarane må takkast for ein fantastisk innsats og for at vi fekk oss ein god latter. Takk også til flotte folk i idrettslaget som organiserer slike minneverdige stunder!
Dersom de har blinkskudd frå dagen, er de velkomne til å dele desse på Vikanenett.
Foto Steinar Frøholm

(Sist oppdatert 08.mars 2011, 00:01)