Innvik

Vikanenett

Innvik - Utvik

Nyhende

Vikane Røde Kors

Vikane Røde Kors - Årsmøteinfo

Av Harald Røyrvik

Vikane Røde Kors hadde årsmøte på Kafe Sjøatunet 18. februar.

Olav Rune Myklebust fortsetter som leiar i lokallaget og har fått med seg Anita Røyrvik som nestleiar. Dei har også med seg Asbjørn Hage, Brit Skåden og Cato Reme som styremedlemar.

Cato Reme tok vervet som leiar av hjelpekorpset og har med seg Finn Drageset som nestleiar/operativ leiar og Veronica Hilde som administrativ. Knut Endre Berentzen som var leiar i 2010 fortsetter som styremedlem saman med Kjetil Berge.

Brit Skåden fortsetter som leiar av omsorg / besøkstenesta og har med seg Lajla Drageset (nestleiar) og Rigmor Berstad i styret.

Sjå heile lista med styremedlemar, vararepresentantar og valkomiteen for 2011 i Vikane Røde Kors her.


Ved forespørsel til Olav Rune Myklebust om Røde Kors ønskjer å meddele noko til lesarane av Vikanenett, fekk eg til svar:

- Vi treng fleire aktive medlemmer både i hjelpekorpset og besøkstenesta.
- Er nokon interesserte i å bli med, er det berre å ta kontakt med nokon i styret.

- Medlemspengane er den viktigaste inntektskjelda vår. Mesteparten av kontingenten du
  betaler får vi tilbake til Vikane Røde Kors, så vi har bruk for passive medlemmer og.



Følgjande har underteikna lest ut av Årsmeldinga til Vikane Røde Kors for 2010:
- Medlemstalet har gått ned frå 163 i 2009 til 147 i 2010.
- Vikane Røde Kors har hatt 5 styremøter med 23 saker.
- Laget har vore med på leiteakson både i Olden og Gloppen, samt deltatt på sanitetsvakter og kurs.
- Det vart kjøpt ny snøscooter i 2010.
- Besøkstenesta vitjar kvar onsdag bebuarane på Vikane Omsorgsenter,
  og hadde også i 2010 tur for bebuarane til Vikahytta på Utvikfjellet.

Les Årsmeldinga for 2010 i sin heilheit her.


Vikane Røde Kors har følgjande hovudmål i handlingsplan for 2011:
- Vere talsperson og sikre oppslutnad om internasjonal humanitær rett.
- Handle ved ulykker og katastrofar - redning og beredskap.
- Hjelp og omsorg til menneske i utsette livssituasjonar.
- Utvikle Røde Korsorganisasjonen - uavhengig, attraktiv, inkluderande og medlemsstyrt.

Les Handlingsplan i sin heilheit med aktivitetar knytt til kvar av punkta over, her.


(Sist oppdatert 08.mars 2011, 21:50)

Gå til nyhendearkiv