Innvik

Vikanenett

Innvik - Utvik

Nyhende

Folketalsutvikling i Vikane

Folketalsutvikling i Vikane 1999-2011

Av Harald Røyrvik

I Fjordingen onsdag 23. februar kunne ein lese om folketalsutviklinga i kommunen fram til 1.1.2010. Statistisk sentralbyrå har tal fram til 1.1.2011, som eg her presentere for Vikane.

Medan Stryn kommune har ein auke i folketalet dei siste ti åra på 3,6%, minkar folketalet i samme periode for Vikane med 3,8%. Folketalet i Vikane har det siste året gått ned med 13 personar. Tendensen er ikkje noko positiv og spesielt ikkje når ein tenker på arbeidsplassane som ein les om blir nedlagde. Dersom ein derimot har tru på at E39 kjem gjennom indre lei, er det kansje akkurat i Vikane ein kjem til å få bustadvekst framover.

Eg har brukt Statistisk sentralbyrå sine tal for grunnkretsar (Innvik Nord, Innvik Sør, Lyslo, Valaker og Verlo) i Vikane, og vist det med grafane under.

Folketalsutvikling 2011 samla

(Innvik med blå kurve og antall på aksen til venstre - Utvik med rød kurve og antall på aksen til høgre.)
Folketalsutvikling 2011 oppdelt

Les også tidlegare nyheitskriv Folketalsutvikling i Vikane 1999-2009, her på Vikanenett.

Innvik fekk innbyggar nr. 7.000 i kommunen og dette kan du også lese om her på Vikanenett.


(Sist oppdatert 13.mars 2011, 23:09)

Gå til nyhendearkiv