Innvik

Vikanenett

Innvik - Utvik

Nyhende

HURRA for Vikanenett 2år!!

Vikanenett fullte 2 år den 20. mars

Av Harald Røyrvik

Gratulerer Vikarar!!
No har de hatt gleda av å bruke Vikanenett i 2 år!!


Vikanenett fyllte offisielt 2 år den 20. mars, og det er med glede eg kan skrive at vi ikkje har tenkt å gje oss.

Det siste året har det i snitt vore nesten 1000 treff på Vikanenett kvar einaste dag. Ut frå det kunne ein tru at alle i Vikane var inne på Vikanenett kvar einaste dag. Dette stemmer sjølvsagt ikkje, men at fleire av oss er inne minst ein gang for dagen er i alle fall riktig. At folk utanfor bygdene følgjer med oss, er veldig kjekt og viser at det vi har å by på betyr noko. At utlendingar hamnar på sidene frivillig eller ufrivillig veit vi også ut frå oversiktane.

I løpet av det siste året har Vikanenett presentert 82 nyhende knytt til Utvik, 223 knytt til Innvik og 172 som er felles. Det vil igjen seie at det i snitt blir lagt ut 1,3 nyheter på Vikanenett kvar einaste dag.

Bildearkivet består no av så mange bilder at vi kunne ha trykt opp ein kalendar med eit nytt bilde for kvar dag. Bilda viser det flotte området vi har med plantar, dyr og nydeleg landskap. At sjåarar både innanlands og utanfor landegrensene ønskjer å besøke Vikane og oppleve noko av dette er eg heilt sikker på.

Kalendaren blir kontinuerleg oppdatert med kva som skjer i Vikane. Vi legg inn det vi får tilsendt og passar på å følgje med på oppslagstavlene for å få med oss det meste .

Annonsetorget har i skrivande stund 21 annonser. Torget kom etter ønskje frå folk i bygda og skal formidle mindre gjenstandar og tjenester lokalt. Vi har valgt å ikkje gjere Vikanenett for komersielt og synest vi klarar det bra.

Eg og Lindy har frå begynnelsen av tenkt at dette også skulle vere ein nettstad for turisme. Her ser vi føre oss å gje meir informasjon også på andre språk og dette håpar vi å få til i 3.året som vi no går inn i.

Vi vil fortsette å utvikle sidene til lag og organisasjonar i bygdene og etter kvart vil også dei få tilgang til å legge ut informasjon sjølve.

Mykje av det vi legg ut går frå oss ut til dykk, men takk til dei som kjem med innspel både i form av tekst og bilder. Ver ikkje redd for å kome med innspel til forbedring av sidene anten i form av innhold eller utforming. Dersom det er nokon som kunne tenkt seg å vere journalist eller redaktør for sidene er det berre å ta kontakt.

Småbarnsforeldre er om ikkje i tidsklemma, så i alle fall godt opptatt med aktivitetar. Dette gjeld også for meg og Lindy, men vi har likevel valgt å gje litt av tida vår til dykk lesarar. Vi håpar dette gjer til at Innvik og Utvik blir meir samanknytt og at de som bur her, eller ønskjer å flytte hit, ser mulighetene i Vikane.


Mvh
Lindy Paulen og Harald Røyrvik

Vikanenett - Statistikk 2.året

Les fjorårets nyheitskriv HURRA for Vikanenett 1år!!


(Sist oppdatert 20.mars 2011, 22:10)

Gå til nyhendearkiv