Innvik

Vikanenett

Innvik - Utvik

Nyhende

Legekontor og helsestasjon

Legekontor og helsestasjon i Olden

Av Harald Røyrvik

Rådet for eldre og personar med nedsett funksjonsevne har sendt inn framlegg til fråsegn om Legekontor og helsestasjon i Olden til Stryn kommune.

I framlegget står det:

Når legetenesta i kommunen vert samla ved Stryn helsesenter, skal det framleis vere legeteneste 2 kurative dagar pr.veke i Olden og 2 kurative dagar pr.veke i Innvik, i tillegg til tilsyn ved Vikane omsorgssenter.
Helsestasjonane i desse bygdene vert som før.

Kommunen inngår ny leigeavtale med Olden Helsetun vedk. rom til desse tenestene.

Les heile skrivet frå Rådet for eldre og personar med nedsett funksjonsevne
til Stryn kommune på www.stryn.kommune.no.


- Møter seg sjølve i døra

Av Fjordingen

Sivert Sande meiner Stryn kommune møter seg sjølve i døra dersom dei avviklar legekontoret og helsestasjonen i Olden.

- Rådmannen sine argument kan glatt brukast for å leggje ned Nordfjord sjukehus og den offentlege tannhelsetenesta i Innvik og Olden, hevdar Sande.

Rådet for eldre og personar med nedsett funksjonsevne gjekk med fem mot ei røyst imot framlegget om å kutte kommunale tilbod i Olden Helsetun.

- Raserer Olden Helsetun

Av Fjordingen

Ingolv Muri og fleirtalet i Rådet for eldre og personar med nedsett funksjonsevne går på det sterkaste imot rådmannen sitt forslag om å avvikle legekontoret og helsestasjonen i Olden.


Les meir på www.fjordingen.no eller heile saka i Fjordingen onsdag 23. mars 2011, side 7.
Fjordingen kan også kjøpast i laussalg gjennom nettstaden www.buyandread.com.



Les også nyheitskrivet Avvikling av legekontor og helsestasjon, her på Vikanenett.


(Sist oppdatert 23.mars 2011, 21:07)

Gå til nyhendearkiv