Innvik

Vikanenett

Innvik - Utvik

Nyhende

Ikkje avvikling av utekontor i Olden

All legeteneste samla ved Stryn helsesenter

Av Harald Røyrvik

Det vert utekontor i Olden og Innvik med 2 kurative dagar pr veke / stad i tillegg til tilsyn ved Vikane omsorgssenter.

I samband med rekruttering av ny fastlege i Vikane vert all legeteneste i kommunen samla ved Stryn helsesenter.

Dette er vedtaket som fekk 5 mot 1 stemmer i handsaming av
Avvikling av legekontor og helsestasjon i Olden, i Helse- og sosialutvalet 22.03.2011.


Les alle sakspapira med vedtaket til Stryn kommune i sin heilheit på www.stryn.kommune.no,
samt vedtaket frå Rådet for eldre og personar med nedsett funksjonsevne og innspel frå Olden- og Vikane Røde Kors.



Stryn kommune har dermed 2 fastlegeheimlar ledig ved Stryn helsesenter
som du kan lese meir om på www.stryn.kommune.no.



Klart fleirtal for vidareføring av legekontor

Av Fjordingen

Helse- og sisialutvalet gjekk med 5 mot 1 røyst imot rådmannen sitt framlegg om å avvikle legekontoret og helsestasjonen i Olden. Saka går vidare til formannskapet.

Les meir om saka i Fjordingen fredag 25. mars 2011, side 7.
Fjordingen kan også kjøpast i laussalg gjennom nettstaden www.buyandread.com.



(Sist oppdatert 27.mars 2011, 13:40)

Gå til nyhendearkiv