Innvik

Vikanenett

Innvik - Utvik

Nyhende

Seniordans

Seniordans - Alle over 50 år er velkomne.

Av Randi Bjørseth

Seniordans, god og helsebringande trim for både hovud og føter.

Seniordans er ein internasjonal danseform for oss som ikkje er heilt unge lenger, men som liker å røre på oss. Glade tonar og korte steg gjer dansen morosam og overkomeleg sjølv om dansaren ikkje lenger er så sprek.
Vi dansar i lag to og to i ein ring, men er ikkje avhengig av at det skal vere ei kvinne og ein mann. Vi dansar «raudt» eller «blått» markert med band rundt halsen. Dessutan skifter vi ofte partnar fleire gonger i løpet av ein dans.
Du treng ikkje vere pensjonist for å vere med. Alle over 50 år er velkomne.

Kvar veke er det høve til å svinge seg til kvikk musikk i lag med glade seniordansarar. Vi øver torsag den 7.april i Urdabrunn kl 19 – 21, og torsdag den 14.april i gymsalen i Innvik skule same tidspunkt.
Du er velkommen til å stikke innom for å prøve, eller berre sjå på, for å finne ut om dette er noko for deg. Dess fleire vi er, dess meir moro vert det.


(Sist oppdatert 03.april 2011, 21:35)

Gå til nyhendearkiv