Innvik

Vikanenett

Innvik - Utvik

Nyhende

Auke i tomteprisane

Auke i tomteprisane frå 1. mai 2011

Av Stryn kommune

Formannskapet vedtok i møte 30. mars å auke prisen på dei fleste tomtane i kommunale bustadfelt frå 1. mai 2011.

Nærare informasjon om prisauke finn du i utskrifta av formannskapet si møtebok - FO-032/11.

Utsnitt frå vurderinga til saksframlegget:
Dei tomtane som fekk redusert pris i 2009, var mellom anna tomtane i bustadfelta Brulandsstranda og Bennæsstykket. Sidan det er gått så kort tid sidan prisane vart reduserte, så bør ikkje prisane på desse tomtane vere grunnlag for prisvurdering no.

Utsnitt av vedtaket i formannskapet:
Anleggsbidraget vert justert med ca. 50 % av utviklinga i konsumprisindeksen frå siste justering/fastsetting for Hildastranda nord, Hildastranda sør, Utvik sentrum.
Prisjusteringane vert slik:
Hildastranda nord: Anleggsbidrag – auke frå kr. 200.000,-/tomt til kr. 215.000,-/tomt.
Hildastranda sør: Anleggsbidrag (veg) – auke frå kr. 17.142,- til kr. 18.400,-/tomt.
Utvik sentrum: Anleggsbidrag – auke frå kr. 175.000,-/tomt til kr. 187.000,-/m2.

Dei justerte prisane skal gjelde frå 01.05.2011.
Dei som søkjer om tomt (gjeld ikkje reservering) før nye prisar tek til å gjelde får kjøpe tomt til gammal pris.


For ytterliggare informasjon om tomter i Utvik, sjå Tomter og Hus, under Utvik her på Vikanenett.
For ytterliggare informasjon om tomter i Innvik, sjå Tomter og Hus, under Innvik her på Vikanenett.



(Sist oppdatert 10.april 2011, 19:03)

Gå til nyhendearkiv