Innvik

Vikanenett

Innvik - Utvik

Nyhende

Sterk innsats av Vikane

Store handballdagar i Strynehallen

Av Fjordingen

650 spelarar fordelt på 59 lag var i aksjon under første del av Nordfjord-cup 2011, den 8.-10. april.

I turneringa for årsklassane 9 til 11 år er det lik premiering utan rangering av laga. Men det legg ingen dempar på idrettsgleda.

- Alle våre spelarar er fornøgde med cupen. Jentelaget vann fire av fem kampar. For gutane vart det tre sigrar (,ein uavgjort) og eitt tap, fortel lagleiar for Vikane IL, Barbro Hammer.

- Korleis har desse laga hevda seg i serien?
- Veldig bra. Ane Skrede og eg starta i fjor haust som trenarar for ti jenter og ti gutar. Dei har vore veldig flinke og treningsvillige, noko resultata i seriespelet viser. For jentelaget vart det åtte sigrar og tre poeng-delingar. Gutane noterte seg for ti sigrar og berre to tap. Så det har vore ein fantastisk sesong for begge laga, seier Barbro Hammer.

Siste helga i månaden held handballfesten fram med 50 påmelde lag i klassane 12 til 16 år.

Sjå bilda og les meir om Nordfjord-cup 2011 i Fjordingen onsdag 13. april 2011, side 16 og 17.
Fjordingen kan også kjøpast i laussalg gjennom nettstaden www.buyandread.com.



Foto www.strynhandball.no
 © www.strynhandball.no  © www.strynhandball.no  © www.strynhandball.no

Du kan også sjå nærmare på resultata av enkeltkampane på www.strynhandball.no for fredag, laurdag og søndag.


(Sist oppdatert 14.april 2011, 21:59)

Gå til nyhendearkiv