Innvik

Vikanenett

Innvik - Utvik

Nyhende

Tenåring dømd for aktlaus køyring

Skulle berre køyre forbi ein buss

Av Fjordingen

Halvveges forbi bussen såg tenåringen den møtande bilen. No må han i fengsel.

Ein gut i slutten av tenåra er dømd til fengsel i 18 dagar for aktlaus køyring etter at han i august i fjor krasja under forbikøyring.

Fire personar vart sende til sjukehus etter ulukka som skjedde ved Holen på fylkesveg 60 mellom Olden og Innvik i august i fjor. Ei eldre kvinne i den møtande bilen vart alvorleg skadd i ulukka og slit framleis med fysiske skader.

Les meir på www.nrk.no/sf

Må sone 18 dagar fengsel

Av Fjordingen

Sjåføren som i august i fjor frontkolliderte i samband med forbikøyring av ein buss, er dømd til 18 dagar ubetinga fengsel.

Ulukka skjedde 18. august i fjor. I følgje domen frå Fjordane tingrett hadde den 18 år gamle sjåføren og kameraten hans køyrd bak ein buss og ein bubil frå Olden retning Innvik. Det danna seg etter kvart ei rekkje med bilar bak. Tiltalte låg som første personbil i denne rekkja, og ved Holen køyrde han først forbi bubilen og la seg inn att i eige køyrefelt. I retten forklarte den unge mannen at han såg etter om det kom møtande bilar. Då han ikkje såg bilar i møte, la han seg ut for å køyre forbi bussen.

Les meir på www.fjordingen.no


Les også tidlegare nyheitskriv Frontkollisjon på Olden-Innvik, om denne saka på Vikanenett.



(Sist oppdatert 16.mai 2011, 22:20)

Gå til nyhendearkiv