Innvik

Vikanenett

Innvik - Utvik

Nyhende

Legetenesta i Stryn kommune

Framtidig organisering av legetenesta i Stryn kommune

Av Harald Røyrvik

Legane ved Stryn legesenter tykkjer prinsippet med utekontordagar er dårleg, og meinar ein heller burde samle legetenesta for å få eit samordna tilbod med god fagleg kvalitet og eit godt medisinsk tilbod for pasientane.
Dette skriv dei i eit brev til Berit Wetlesen den 2/5-11 som saksvedlegg til "Avvikling av legekontor og helsestasjon i Olden".

Berit Wetlesen sa til Fjordingen fredag 29. april at dei hadde fått fire søknadar til dei to legestillingane som var utlyst, og at ikkje alle desse ønskte fast utekontor.

Måndag fekk toppleiinga i Stryn kommune overrekt skrivet der eit samla Olden-samfunn krev vidareføring av legekontor og helsestasjon.
- Eg finn det rart at kommunen ikkje har lyst ut stillinga som blir ledig når Harald Hoff går av ved oppnådd aldersgrense. Det verkar som ein føreset at ingen vil ha jobben, men vi veit frå andre yrke at det finst idealistar som ønskjer å arbeide i distrikta, argumenterte Sigurd Strand. Gjengitt frå Fjordingen 4/5-11.


Trykk på dokumenta over og frå opp skrivet frå Stryn Legesenter (venstre) og frå Olden-samfunnet (høgre).

Det er ikkje kome ut offentleg, men eg har det frå sikre kjelder at kommunestyret den 3/5-11 vedtok at:
"Legekontoret i Olden og Innvik vert oppretthaldt som i dag, men med lege frå Stryn. 2 dagar i Olden, 2 dagar i Innvik + ein dag på sjukeheimen."


Les også For passivt, Wetlesen! , Lege ut til folket og Ikkje avvikling av utekontor i Olden ,
her på Vikanenett.



(Sist oppdatert 04.mai 2011, 22:57)

Gå til nyhendearkiv