Nyhende
Tenkjer på ulykka kvar dag
Kvar dag fryktar eg farlege forbikøyringar på vegane
Etter 30 år som yrkessjåfør skjedde det han frykta mest av alt; å bli innblanda i ei trafikkulukke i samband med ei forbikøyring.
I løpet av åra bak rattet, har bussjåfør Bjørn Fonn sett mykje farleg køyring på vegane. I august i fjor opplevde bussjåføren det han har frykta i mange år:
Ein ung bilførar bestemte seg for å køyre forbi bussen. Først halvveges forbi blei han merksam på ein møtande bil der det sat to eldre damer. Han styrde bilen mot grøfta for å unngå front mot frontkollisjon.
Ei eldre kvinne i den møtande bilen blei alvorleg skadd. Den unge mannen blei nyleg dømd til 18 dagar i fengsel etter ulukka. Denne dommen er no anka til lagmannsretten.
Les heile saka på www.nrk.no/sf.
Les også tidlegare nyheitskriv Skulle berre køyre forbi ein buss, her på Vikanenett.
Ein ung bilførar bestemte seg for å køyre forbi bussen. Først halvveges forbi blei han merksam på ein møtande bil der det sat to eldre damer. Han styrde bilen mot grøfta for å unngå front mot frontkollisjon.
Dømd til fengsel
Etter samanstøyten vart bilen til den unge mannen kasta opp i lufta og landa på taket, medan den møtande bilen trefte bussen og vart dregen bakover i bussen sin køyreretning. Fire personar blei sende til sjukehus etter ulukka som skjedde på vegen mellom Olden og Innvik i Nordfjord.Ei eldre kvinne i den møtande bilen blei alvorleg skadd. Den unge mannen blei nyleg dømd til 18 dagar i fengsel etter ulukka. Denne dommen er no anka til lagmannsretten.
Les heile saka på www.nrk.no/sf.
Les også tidlegare nyheitskriv Skulle berre køyre forbi ein buss, her på Vikanenett.
(Sist oppdatert 16.mai 2011, 22:21)