Innvik

Vikanenett

Innvik - Utvik

Nyhende

Legekabal

Legekabalen kan gå opp

Av Fjordingen

Stryn kommune ser ut til å kunne vidareføre opplegget med bemanning av legekontora i Olden og Innvik etter at doktor Harald Hoff sluttar.

For Olden er det snakk om reduksjon frå to til ein legedag per veke, medan Innvik vil behalde sine to dagar per veke.

Fire søkjarar melde seg til dei to utlyste legestillingane i Stryn kommune. Etter at ein av dei trakk seg, var det tre søkjarar som alle er ferdig med turnus i august 2011.

I saksutgreiinga til formannskapet viser Berit Wetlesen til at det er tilsett tilsynslege ved Vikane omsorgssenter og vedkommande dekkjer opp den eine ledige heimelen.

Eit legepar som er mellom søkjarane til dei to utlyste stillingane, er intressert i å dele pasientlista etter Harald Hoff i tillegg til auke av samla listetak og kommunal deltidsstilling. Dei er då inneforstått med at tilbodet frå kommunen omfattar at kvar av dei tek ein utekontordag per veke i Innvik.
- Eg må presisere at legeparet ikkje har sagt ja til stilling i Stryn kommune, seier Berit Wetlesen til Fjordingen.

Les heile saka i Fjordingen mandag 23. mai 2011, side 4.
Fjordingen kan også kjøpast i laussalg gjennom nettstaden www.buyandread.com.



Les også tidlegare nyheitskriv - Må strekkje seg svært langt i legesaka, her på Vikanenett.


(Sist oppdatert 23.mai 2011, 20:00)

Gå til nyhendearkiv