Innvik

Vikanenett

Innvik - Utvik

Nyhende

Etterlengta tunnel opnar i oktober

Ny tunnelblir 3 mnd.forseinka

Av NRK Sogn og Fjordane

Den nye Holentunnelen på fylkesveg 60 Olden - Innvik skulle opne i juli, men ein reknetabbe forseinka prosjektet.

No har Vegvesenet endeleg funne ein opningsdato for den etterlengta tunnelen som erstattar litt av den smale og svingete vegen mellom Byrkjelo og Stryn.

– Vi har sett ny frist for ferdigstilling av Holentunnelen. Det blir 14 oktober, opplyser prosjektleiar Jan Harald Huseklepp i Statens vegvesen til Fjordingen.

Les saka på www.nrk.no/sf.

Holentunnelen opnar 14. oktober

Av Fjordingen

Dato for ferdigstilling av Holentunnelen er sett til 14. oktober. Utedelen av vegn ferdig til 1. juli.

Vi har sett ny frist for ferdigstilling av Holentunnelen. Det blir 14. oktober, fortel prosjektleiar Jan Harald Huseklepp i Statens Vegvesen. 80 meter med veg aust for tunnelen skal vere ferdig til 1. juli, og slitelag og vegmerking på heile anlegget vil verte utført til slutt.

Les meir om saka i www.fjordingen.no.


(Sist oppdatert 17.juni 2011, 16:42)

Gå til nyhendearkiv