Nyhende
Juni 2011 - bilde
"Kveldssol" fekk flest stemmer i juni - Gratulerer!
Av dei 8 innsendte bilda i juni, vart det bilde "Kveldssol" som Renate Kjellevold hadde sendt inn som fekk flest stemmer denne månaden.

Totalt var det gitt 67 stemmer denne månaden og det var veldig jevnt i teten. Renate hadde to bilder i teten med 16 og 15 stemmer, og deretter kom Kjell med eit bilde som fekk 14 stemmer.
Herved får Renate Kjellevold hederlig omtale gjennom dette nyheitsskrivet og ved å ha bilde sitt på Bildegalleriet i omlag ein månad.
De andre som også har eit digitalt kamera, ikkje vere redde for å sende inn eit bilde og del det med oss andre på Vikanenett. Send inn bilde til ha-roeyr@online.no.
Ver og med på å stemme fram beste bilde i juli ved å trykke på "Lik dette" under bilde eller ved å sende meg ein mail. Du kan stemme når du vil og på så mange bilder du vil, heile månaden og litt ut i neste.
Det er no 109 som følgjer Vikanenett på Facebook, følg med du også på www.facebook.no/vikanenett.
(Sist oppdatert 17.juli 2011, 13:52)