Innvik

Vikanenett

Innvik - Utvik

Nyhende

Fjelltur til HORNELEN - AVLYST

Av Solveig N Heggdal

Turen til Hornelen i Bremanger håpar vi går som planlagt 6. august, men er vêr--avhengig. Ikkje kjekt å stå på toppen i tåke. Event. avlysing blir bestemt avreisedag.
Vi møter til felleskøyring på Sjøatunet kl 08.30 og Vagstad kl 8.40.

Her kjem litt info om tur og terreng, henta frå OPPTUR - boka:

Start: Hunskår
Tid: 5 - 6 t + pausar
Høgde: 0 - 890 moh
Lengde: 10 km

Hornelen er særmerkt, vidgjeten og fasinerar dei fleste. 860 stupbratte meter opp frå sjøen gjer fjellet til den høgste sjøklippa i Europa.
Til og med heksene var tiltrekte av fjellet og brukte det som kvileplass på veg til Bloksberg...
Det går to merka ruter. og fleire klatrerute. Kristian Bing og Anders Jeremiassen klatra austsida i 1897.
Ruta som er beskriven her går opp frå Hunskår og kjem nedatt til Berle.
Ein kan kome til Bremangerlandet via fastlandssambandet, rv 616. Når ein kjem ut av den undersjøiske tunnelen, svingar ein til høgre og held fram til enden av vegen, ca 1 km.
Råsa er godt merka med raude T-ar og vardar, og ein går fyrst i same retning som bilvegen, over Ramarhammaren, før ein svingar mot sør-vest.
Fyrste delen av råsa kan vere litt fuktig, men etter ca. 200 høgdemeter kjem ein inn på tørr rås. Stigninga opp til 500 moh. er jam og bratt på gras- og lyngmark, og her er god utsikt heile vegen, mot Skatestraumen, Rugsund og Måløy. Dei siste 250 høgdemeterane før ein kjem opp på platået går i meir steinlendt terreng, og med brattare og flatare parti. Resten av turen fram til toppen er med svak stigning, ein liten unnabakke og ca. 100 høgdemeter med brattare stigning mot toppen.

Turen opp er bratt, men ruta ligg trygt i terrenget og bør vere mogleg også dei med litt høgdeskrekk. Det er tilgong på vatn heile turen.
På toppen er det ei fantastisk utsikt søørover kysten, nordover til Sunnmøre og innover til Sunnmøre og innover i fylket. Ei lita steinbu står på toppen, og her er kvilebenkar, gjestebok og eit fllagg til å heise!!
Ruta nedatt til Berleneset følgjer same ruta eit stykke nedatt, før råsa deler seg og tek sørover. Dette er ei slakare nedstigning, og ein går på god rås oppe i fjellsida over Frøysjøen. Råsa går litt opp og ned i terrenget utover til Berleneset. Etter 1 1/2 - 2 t kjem ein ut på ryggen og ser ned i Berlepollen det siste stykket ned. Frå ca. 200 moh. er det eit litt bratt parti, men råsa er tydeleg og det er fint å gå. Den siste strekninga går i lyng og berg, og ein kjem ned på austsida av Berlepollen, på Lisete.






Onsdagsturar 2011, Vikane IL

(Sist oppdatert 06.august 2011, 01:03)

Gå til nyhendearkiv