Innvik

Vikanenett

Innvik - Utvik

Nyhende

Kaos på «Norges verste»

Politiet måtte løyse trafikkork

Av NRK Sogn og Fjordane

Det var måndag kaotiske tilstandar på fylkesveg 60 mellom Olden og Innvik.

På grunn av tekniske problem på ferjesambandet Anda - Lote, vart vegfarande oppmoda om å køyre om vegstrekka som for vel to år sidan vart kåra til Noregs verste vegstrekning. Ferjesambandet var i drift att klokka 17.

– Det er mykje bilar. Tungtrafikk, småbilar og bubilar. Det er klart at det blir kaos når alt skal gjennom her, seier ein av bilistane som NRK har snakka med.

Med lovas lange arm på plass, byrja trafikken raskt å gli noko betre.
Først klokka 19 kunne politipatruljen reise frå staden.

Les heile saka på www.nrk.no/sf.

Bom fast på Norges verste

Av Fjordingen

Ettersom ferja stod i fleire timar, vart situasjonen mellom Olden og Innvik også stadig verre. Ved halv fem tida på ettermiddagen kom politiet på plass for å dirigere. Då løyste det seg etter kvart opp. Men med bubilar, bussar og vogntog ståande i kø i begeg retningar, var det ei stor utfordring å få løyst floken.

Les heile saka på www.fjordingen.no


(Sist oppdatert 09.august 2011, 10:32)

Gå til nyhendearkiv