Innvik

Vikanenett

Innvik - Utvik

Nyhende

Haugen-Vikane 3-6

Haugen tapte 3-6 heime mot Vikane

Av Haugen Fotball

Haugen tapte tysdag ettermiddag 3-6 heime mot Vikane på Klenkarberget.

Fyrste sjansen i kampen hadde Lasse Ødegård og heimelaget etter fem minutt. Ødegård drog til på halvspretten og uheldigvis for Haugen gjekk ballen i tverrliggaren og over. Berre to minutt etter kom Daniel Lotsberg heilt åleine mot Vikanekeeper Kim Kjellevold. Lotsberg tuppa ballen forbi keeper, men avslutninga var for svak og Vikanespelar Thomas Baarøy kunne enkelt ta bellen før den gjekk over streken.

Drøye kvarteret ut i 1. omgang tok Vikane leiinga 0-1 på sin fyrste sjanse i kampen. Ei avklaring enda ute hos Erling Myklebust på omlag 25 meter. Myklebust fekk kjempetreff og ballen suste i krysset bak ein sjanselaus Sindre Karadas i Haugen sitt mål. Etter 23 minutt var Haugen sin gode keeper Sindre Karadas uheldig då han skulle ta ein 5-meter. Ballen gjekk rett til Vikane sin spiss Einar Asgeir Baarøy. Baarøy sette full fart mot mål og sette ballen i lengste hjørnet.

Etter knappe halvtimen av 1. omgang hadde Haugen ein ny stor sjanse ved Rolf Hagen. Hagen fekk stå heilt umarkert på 5-meteren, men headinga etter eit perfekt innlegg frå Stian Aaland gjekk like utanfor.

Ikkje lenge etter punkterte Vikane i realiteten kampen med to kjappe scoringar av Guntis Bogdanovs. På den fyrste scoringa sprang Bogdanovs frå Haugen sitt forsvar og sette ballen i lengste hjørnet, medan den andre scoringa var eit skot i frå 20 meter.

Meir skjedde ikkje i 1. omgang og Vikane kunne gå til pause med ei 0-4 leiing, etter ein omgang der Haugen var langt meir med i kampen enn det resultatet skulle tilseie.

Allereie fem minutt ut i 2. omgang auka Guntis Bogdanovs til 0-5 med si tredje scoring i kampen. Bogdanovs var kald i avslutninga og skaut ballen i nærmaste hjørnet på halvspretten. Like etter var Daniel Lotsberg åleine mot Vikane sin keeper, men Kim Kjellevold redda glimrande. Minuttet etter reduserte Haugen til 1-5 ved Stian Aaland. Aaland fekk ballen etter eit innlegg frå Rolf Hagen, og frå fem meter sette Aaland ballen sikkert i mål.

Etter dette hadde Vikane sin beste periode i kampen og produserte fleire store sjansar enn det dei gjorde i heile 1. omgang. To skot i tverrliggaren, åleine mot keeper og redning på strek, men i motsetning til i 1. omgang hadde ikkje Vikane marginane på si side.

Fire minutt før slutt reduserte Haugen til 2-5 ved Trygve Leite. Ein perfekt corner frå Øystein Haugland enda på hovudet til Leite, som frå fem-seks meter heada ballen i mål. Like før slutt fekk Leite nok ein gong bruke hovudet inne i Vikane sin 16-meteren. Denne gongen etter innlegg frå innbyttar Stig Tore Gilleshammer.

To minutt på overtid fastsette Guntis Bogdanovs sluttresultatet til 3-6 med si fjerde scoring i kampen. Eit langt utspel frå keeper Kim Kjellevold enda hos Bogdanovs som etter å ha sprunge frå Haugen sitt forsvar skaut ballen i lengste hjørnet.

Sjå bilder og fakta frå denne kampen på www.haugenfotball.no

Foto Haugen Fotball




(Sist oppdatert 25.august 2011, 17:09)

Gå til nyhendearkiv