Innvik

Vikanenett

Innvik - Utvik

Nyhende

Miniputt turnering på Skei - MED KAMPOPPSETT

Miniputt turnering på Skei søndag 28.08

Av Harald Røyrvik

På søndag stiller Vikane med 6 miniputt lag (4 gute- og 2 jentelag) på Skei for å spele fotball i turneringen.



Om det er nokon som enda ikkje har våre på miniputt trening men allikevel har lyst å være med å spele turnering, så må ein ta kontakt med Cato på telefon.
Fotball gjev energi
Kongleriket Miniputt-turnering 2011 består av fire faste datoar der kvar av laga arrangerer etter tur. Vikane er saman med Breimsbygda, Jølster og Sandane, og på søndag går turen til Skei.

For meir informasjon om turneringane i fylket og annan fotball-info, sjå Terminlista 2011 for Sogn og Fjordane Fotballkrets på www.fotball.no/sogn_fjordane.
På side 225 finn du informasjon om miniputt-turneringa og på side 228 finn du den flotte reklamen med bilde av to Vikane-spelarar (avbilda til høgre).

Hovudfokus på turneringa søndag 28.08 er Barn hjelper barn, i følge oppsettet til Kongleriket, sjå link (side 3).

Ein miniputt kan gjere stor skilnad !
I år set SFFK og miniputtane fokus på barna i Hong Tien på miniputt-turneringane 28.august.
SFFK ønskjer å sette fokus på dei utfordringane og vanskar som møter barna som ønskjer å spele fotball i landsbyar i Vietnam. Områda er dekt av gamle miner etter Vietnam-krigen, og det er svært farleg å ferdast utanom rydda område.
Les heile saka på www.fotball.no/sogn_fjordane.

Les også meir om TV-aksjonen og Norsk Folkehjelp sin kamp mot miner på www.nrk.no/tvaksjonen.


(Sist oppdatert 27.august 2011, 22:35)

Gå til nyhendearkiv