Innvik

Vikanenett

Innvik - Utvik

Nyhende

August 2011 - bilde

"Ei fluge" fekk flest stemmer i august

Av Harald Røyrvik

Av dei 17 innsendte bilda i august, vart det bilde "Ei fluge" som Kjell Mortveit har tatt som fekk flest stemmer denne månaden.

Ei fluge © Kjell MortveitI august fekk Kjell Mortveit flest stemmer for nærbilde Ei fluge med 6 stemmer.

Totalt var det gitt 44 stemmer i august på totalt 17 bilder (innsendt av 5 fotografar),
som var fordelt på alle fire kategoriane
( Dyreliv / Planter / Landskap / Hendingar ).

Herved får Kjell Mortveit hederlig omtale gjennom dette nyheits-skrivet og ved å ha bilde sitt på Bildegalleriet i omlag ein månad.

De andre som også har eit digitalt kamera, ikkje vere redde for å sende inn eit bilde og del det med oss andre på Vikanenett. Send inn bilde til ha-roeyr@online.no.

Ver og med på å stemme fram beste bilde i september ved å trykke på "Lik dette" under bilde eller ved å sende meg ein mail. Du kan stemme når du vil og på så mange bilder du vil, heile månaden og litt ut i neste.

Det er no 116 som følgjer Vikanenett på Facebook, følg med du også på www.facebook.no/vikanenett.


(Sist oppdatert 06.september 2011, 22:08)

Gå til nyhendearkiv