Innvik

Vikanenett

Innvik - Utvik

Nyhende

«Steinblokkene dundra i vegen rett framfor bilen»

Oslofamilie nær teken av steinras

Av NRK Sogn og Fjordane

– Eg vil ikkje tenkje på kva som hadde skjedd om vi kom eitt sekund før, fortel Pål Westberg Langrind frå Oslo.

Laurdag var han, kona og dottera (21) nær å få ei steinblokk på fleire tonn rett i bilen ved Ugla i Stryn.

På tur frå Stryn til Byrkjelo såg kona steinblokkene losne kring 50 meter over vegen, og dundre i vegen framfor dei.

– Det kom veldig brått. Kona merka at steinblokka kom. Eg hadde ikkje stor fart, 40-50 kilometer i timen, så eg fekk bremsa opp. Vi fekk eit tre i bilen, men den største steinblokka landa fem-ti meter framfor bilen, fortel Westberg Langrind.

Les heile nyheita på www.nrk.no/sf.

Sett inn ekstra ferjeavgangar

Av NRK Sogn og Fjordane

Fylkesveg 60 mellom Olden og Innvik vil ikkje bli opna att i dag.

Fjord1 har respondert positivt på spørsmål frå Statens vegvesen om fleire ferjeavgangar på omkøyringsvegen E39.

Les heile nyheita på www.nrk.no/sf.

- Vegen blir opna tidlegast søndag

Av Fjordingen

- Fylkesveg 60 mellom Olden og Innvik blir opna tidlegast søndag, seier prosjektleiar drift og vedlikehold Fjordane, Lars Erik Karlsen.

- Korleis går fjellreinskinga?

- Dei røynde karane som vart henta frå Stongfjorden, har teke seg ned til rasstaden og byrja på arbeidet. Men dei blir ikkje ferdige i kveld og arbeidet held fram søndag morgon.

Les heile nyheita på www.fjordingen.no.


Følg med for ytterlegare informasjon på www.vegvesen.no.

Les også tidlegare nyheitskriv Steinras mellom Ugla og Vanbergtunelen, her på Vikanenett.


(Sist oppdatert 08.oktober 2011, 22:17)

Gå til nyhendearkiv