Innvik

Vikanenett

Innvik - Utvik

Nyhende

Fv 60 vert ikkje opna før måndag

Fylkesveg 60 er framleis stengt etter steinraset laurdag formiddag

Av NRK Sogn og Fjordane

Fylkesveg 60 mellom Olden og Innvik vert ikkje opna opp att i kveld.

Reknar med å opne vegen måndag

Utover søndagen har klatrarar og geolog vurdert faren for nye ras. Vegen vert ikkje opna i kveld, men Lars Erik Karlsen i Statens vegvesen håpar på å få opna vegen i morgon.

– Vi reknar med at når det lysnar vil vi pusse opp vegen, rydde opp på vegbana og ordne litt med asfalten. Vi vil då vidare vurdere og sjå om det har vore noko meir liv der i løpet av natta og deretter opne vegen, fortel Karlsen som reknar med at mandag føremiddag vil gå før dei får opna.

Les heile saka på www.nrk.no/sf.

Fv Olden - Innvik vert truleg opna måndag morgon/føremiddag

Av Fjordingen

- Fv 60 Olden - Innvik vil truleg bli opna måndag morgon/føremiddag, opplyser Lars Erik Karlsen til Fjordingen.

Les heile saka på www.fjordingen.no.


Følg med for ytterlegare informasjon på www.vegvesen.no.

Les også tidlegare nyheitskriv Steinras mellom Ugla og Vanbergtunelen, her på Vikanenett.


(Sist oppdatert 09.oktober 2011, 20:33)

Gå til nyhendearkiv