Innvik

Vikanenett

Innvik - Utvik

Nyhende

Val 2011 - frå Vikane

Av Harald Røyrvik

Stryn kommunestyre har 4 av 25 representantar busett i Vikane. Vikane har ein fast medlem og to varamedlemar i Ungdommens kommunestyre. Sokneråda i Innvik og Utvik har fått nye medlemar for komande periode.

Stryn kommunestyre

Per Kjøllesdal, Jofrid Rye Hestenes, Ørjan Skåden og Astrid Drageset Raftevold er busatt i Vikane og vart valgt inn i kommunestyret i perioden 2011-2015.

Tysdag var det konstituering og Sven Flo vart ordførar og Kolbjørn Roset varaordførar. I formannskapet kan ein finne Per Kjøllesdal og Jofrid Rye Hestenes som to av dei sju medlemane.

Bernhard Hole vart valgt som leiar for skule- og kultur, Pål Vonheim vart leiar for teknisk/bygningsrådet og Per Kjøllesdal fortsett som leiar for helse og sosial.

Du kan lese meir om kommunestyret si samansetning i Fjordingen fredag 16. september 2011 side 4 og 5.

Du kan også lese meir om konstitueringa og dei forskjellige medlemane i formannskapet og sektorutvala i Fjordingen fredag 14. oktober 2011 side 4 og 5.


For detaljar les Nytt frå formannskap og kommunestyrewww.stryn.kommune.no.

Ungdomens kommunestyre

Alexander Presthus frå Innvik vart vald til sekretær under det første møtet dette skuleåret (29.09.2011).
På lista over varamedlemar finn vi Erik Amble Haugen og Renate Lillevik Kjellevold frå Innvik.

Les meir om Ungdomens kommunestyre og det første møtet dette skuleåret på www.stryn.kommune.no.

Kyrkjevalet i Innvik sokn

123 (30%) av 407 røysteføre i Innvik deltok i soknerådsvalet.

Følgjande vart valgt til soknerådet i Innvik (antall røyster i parantes):

1. Ragnhild Johanna Vambeset (180)
2. Hildegjerd Havåg Bjørlo (172)
3. Dag Vanberg (154)
4. Kjellaug Margreta Skåden (149)
5. Asbjørn Heggdal (144)
6. Bjørg Helen Kvame (138)

Vara:
1. Asle Lyslo (135)
2. Terje Raftevold (133)
3. Mariann Hilde Yri (130)
4. Steinar Frøholm (128)
5. Ingvild Ulvedal Tisthamar (126)

Sjå alt om kyrkjevalet i Innvik på www.kyrkjevalet.no.

Kyrkjevalet i Utvik sokn

113 (41%) av 276 røysteføre i Utvik deltok i soknerådsvalet.

Følgjande vart valgt til soknerådet i Utvik (antall røyster i parantes):

1. Anne Karin Eriksen (153)
2. Jorunn Skinlo Tisthamar (147)
3. Roar Verlo (137)
4. Ola Steinar Hestenes (132)
5. Torill Hage (128)
6. Rolf Erlend Hilde (125)

Vara:
1. Åse Torill Hestad (121)
2. Olav Rune Myklebust (121)
3. Bjørg Anita Valaker Njøsen (117)
4. Lindy Paulen (114)
5. Per Bjarne Tisthamar (113)

Sjå alt om kyrkjevalet i Utvik på www.kyrkjevalet.no.


(Sist oppdatert 19.oktober 2011, 12:29)

Gå til nyhendearkiv