Innvik

Vikanenett

Innvik - Utvik

Nyhende

- Nei til Utvik-tunnel på E39

Gloppen-politikar manar til kamp for E39

Av Firda

Trauste nordfjordingar må leggje vekk nisselua, klatre opp på barrikadane og krige viss målet er å sikre at E39 også i framtida går over Lote-Anda.

Dette meiner kommunepolitikar i Gloppen, og leiar i Tekna i Sogn og Fjordane, Edgar Kvernevik.

Han manar til kamp for å hindre at E39 blir lagt i tunnel under Utvikfjellet med fjordkryssing i Stryn. Eit alternativ Statens vegvesen har kostnadsrekna til 4,6 milliardar. Prislappen for Stigedal-alternativet er på 8,6 milliardar, og ifølgje Kvernevik tyder mykje på at vegstyresmaktene går for det billigaste alternativet når tilrådinga blir lagt fram i løpet av kort tid.

Les heile saka i Firda torsdag 27. oktober 2011, side 6. Avisa kom gratis i posten til alle i Strnyn.
Firda kan også kjøpast i laussalg gjennom nettstaden www.buyandread.com.



(Sist oppdatert 28.oktober 2011, 18:43)

Gå til nyhendearkiv