Innvik

Vikanenett

Innvik - Utvik

Nyhende

Oktoberer 2011 - bilde

"Haustmorgon" fekk flest stemmer i oktober

Av Harald Røyrvik

Av dei 9 innsendte bilda i oktober, vart det bilde "Haustmorgon" som Torill Bennæs har tatt som fekk flest stemmer denne månaden.

Haustmorgon © Torill BennæsI oktober fekk Torill Bennæs flest stemmer for landskapsbilde Haustmorgon med 8 stemmer. Bilde er som tittelen tilseier tatt ein haustmorgon og viser Innvikfjorden vakker i stille vér.

Totalt var det gitt 37 stemmer i oktober fordelt på dei 9 stk innsendte bilda.
Det var seks fotografar som bidrog med bilder denne månaden.
Siri Lyslo som debuterte med eit fuglebilde denne månaden fekk nest flest stemmer (6stk).

Sjå nærmare på desse og andre bilder under bildegalleriet
( Landskap / Dyreliv / Hendingar / Planter ).

Herved får Torill Bennæs hederlig omtale gjennom dette nyheitsskrivet og ved å ha bilde sitt på Bildegalleriet i omlag ein månad.

De andre som også har eit digitalt kamera, ikkje vere redde for å sende inn eit bilde og del det med oss andre på Vikanenett. Send inn bilde til ha-roeyr@online.no.

Ver og med på å stemme fram beste bilde i november ved å trykke på "Lik dette" under bilde eller ved å sende meg ein mail. Du kan stemme når du vil og på så mange bilder du vil, heile månaden og litt ut i neste.

Det er no 129 som følgjer Vikanenett på Facebook, følg med du også på www.facebook.no/vikanenett.


(Sist oppdatert 07.november 2011, 22:39)

Gå til nyhendearkiv