Innvik

Vikanenett

Innvik - Utvik

Nyhende

E39 via Stryn

Vegvesenet vil ha E39 via Stryn

Av NRK Sogn og Fjordane

Vegvesenet har bestemt seg for at E39 via Stryn er det beste alternativet. Det er billigast meiner Vegvesenet.

Kvivsvegen med tunnel og bru i Stryn er det billigaste alternativet meiner Statens vegvesen. Utrekningane deira syner at dette alternativet vil koste 4,5 milliardar kroner.

Alternativet er i fylgje vegvesenet to milliardar kroner billigare enn ei bru mellom Anda - Lote.

Les saka på www.nrk.no/sf.

Ja til E39 via Stryn

Av Sunnmørsposten

Tysdag la Statens vegvesen fram si tilråding til samferdsleminister Magnhild Meltveit Kleppa om kvar stamvegen på Vestlandet bør gå i framtida.

Les saka på www.smp.no.

- E39 over Svarstad og Utvikfjellet

Av Fjordingen

Statens vegvesen vil leggje den framtidige E39 gjennom Kviven, vidare på bru ved Svarstad i Stryn og deretter i tunnel gjennom Utvikfjellet.

Det kom fram under ein pressekonferanse i Ørsta tysdag morgon, der vegdirekør Terje Moe Gustavsen overleverte vegvesenet sitt forslag til samferdsleminister Magnhild Meltveit Kleppa.

Les saka på www.fjordingen.no

Splittar indre og midtre Nordfjord

Av Fjordingen

Ordførarane i Stryn og Hornindal er godt nøgde med tilrådinga om å leggje E39 om Stryn. I Gloppen og Eid er tonen ein heilt annan.

- Vi har halde ein forsiktig profil fram til fagfolka kom med sine anbefalingar. No kan eg seie at eg er svært godt nøgd med dette forslaget. Det vil gje positive ringverknader for Stryn å ha E39 gjennom kommunen. Også når vi ser E39 i samanheng med rv 15 austover, poengterer Sven Flo.

- Noverande ordførar vil ikkje argumentere for brukryssing Lote-Anda og E39 gjennom Stigedalen. Eg er oppteken av raske vegar. Når debatten no startar, vonar eg vi kan få ein diskusjon om gode tilførselsvegar frå midte til ein ny E39 i indre, seier Flo.

Les saka på www.fjordingen.no

Tilrår løysingar på kort og lang sikt for E39

Av Statens Vegvesen

Statens vegvesen tilrår i første omgang å betre ferjefrekvensen på sambandet Anda-Lote og Festøy-Solavåg, med tunnel under Utvikfjellet og tunnel forbi Volda som neste steg.

Tysdag overleverte Statens vegvesen rapporten frå arbeidet med konseptvalutgreiing(KVU) på E39 Skei-Ålesund, samt to andre KVU-rapportar og eit overbygningsdokument til statsråd Magnhild Meltveit Kleppa. Overrekkinga fann stad på ein pressekonferanse i Ørsta.

Les saka på www.vegvesen.no, eller les heile rapporten KVU-rapport E39 Skei-Ålesund (Oktober 2011)


Bilde/teiknainga er henta frå ein tidlegare rapport frå Statens Vegvesen.


(Sist oppdatert 24.november 2011, 06:41)

Gå til nyhendearkiv