Innvik

Vikanenett

Innvik - Utvik

Nyhende

- Høyr på vegvesenet

- Glimrande E39-forslag

Av Fjordingen

Richard Grov, hotelldirektør ved Alexandra i Loen, ser E39 gjennom Stryn som eit glimrande forslag. Han er ikkje redd for at hotellet blir liggjande i ei bakevje.

- Eg er utruleg glad for forslaget som ligg føre frå vegvesenet. Det vi treng er effektive transportårar der ein slepp å bukte seg innom alle tettstader. Difor er forslaget om E39 langs indre linje glimrande og framtidsretta.

Les meir om saka på www.fjordingen.no.

- Imponert over vegvesenet

Av Fjordingen

- E39 gjennom Stryn er best fordi den er kortast.
Eg er imponert over vegvesenet sitt forslag, seier Rolf Olav Tenden, dagleg leiar for Thor Tenden Transport og tidlegare fylkesleiar i lastebileigarforbubdet.

Rolf Olav Tenden er heilt klar på at alle krefter, både politisk og frå næringslivet, no må samle seg om å få realisert vegvesenet sitt forslag om å byggje E39 langs indre line. Han registrerer sjølvsagt den store motstanden frå Eid og Gloppen mot vegvesenet sitt forslag, men meiner ytre strok av Nordfjord har alt å tene på å støtte opp om den indre linja.


Les tosidesoppslaget om desse sakene i Fjordingen måndag 28. november 2011, side 6 og 7.
Fjordingen kan også kjøpast i laussalg gjennom nettstaden www.buyandread.com.



Les også Transportnæringa jublar over E39 og - Best og billegast, her på Vikanenett.


(Sist oppdatert 28.november 2011, 21:26)

Gå til nyhendearkiv