Innvik

Vikanenett

Innvik - Utvik

Nyhende

Tvinga til pleiekutt

Åtvarar mot pleiekutt

Av Fjordingen

Helse- og sosialutvalet åtvarar mot konsekvensane av sitt eige forslag om å fjerne tre årsverk til pleie av gamle og sjuke. - Eit slikt stillingskutt er skumelt, hevda hovudtillitsvald Arne Spilde.

Stryn formannskap har gjeve helse- og sosialutvalet pålegg om å kutte driftsbudsjettet med 1.655.282 kroner. For å innfri kravet, føler utvalet seg tvinga til å ta vekk to årsverk ved Vikane omsorgssenter, samt fjerne eitt årsverk i heimehjelpsordninga (fordelt på Stryn/Vikane).

- Det er skummelt å føreta driftskutt som fører til at kommunen må betale for utskrivingsklare pasientar. Dette kan bli dyrare enn 1,1 millionar kroner og dermed forverre situasjonen, hevdar hovudtillitsvald Arne Spilde.

7. desember vil formannskapet presentere budsjettet som vert lagt ut til offentleg ettersyn. Kommunestyret fattar endeleg vedtak 21. desember.

Prioriterer nye tiltak

Av Fjordingen

Etter bestilling frå formannskapet, har helse- og sosialutvalet prioritert nye tiltak. Stillinga som ruskonsulent og bygging av sosialbustader toppar lista.


Les litt om dette på www.fjordingen.no eller meir i aisa Fjordingen fredag 2. desember 2011, side 4.
Fjordingen kan også kjøpast i laussalg gjennom nettstaden www.buyandread.com.



For alle detaljane sjå saka Økonomiplan 2012 - 2015 - helse-og sosialsektorenwww.stryn.kommune.no.


(Sist oppdatert 04.desember 2011, 14:58)

Gå til nyhendearkiv