Innvik

Vikanenett

Innvik - Utvik

Nyhende

Seier nei til ny stamveg via Stryn

No går dei Vegvesenet midt i mot

Av NRK Sogn og Fjordane

Fylkespolitikarane i Sogn og Fjordane går Vegvesenet midt i mot. Dei vil ikkje ha den nye E39 via Stryn og går i staden for bru ved Lote-Anda.

Statens vegvesen la i slutten av november fram sine planar for ny trase for E39 gjennom Nordfjord. Dei meiner det billigaste og beste alternativet er via Stryn.

Men fylkespolitikarane har sitt å seie i saka, og ei ringerunde til fremste politikarane i Høgre, Arbeidarpartiet og Senterpartiet viser at dei ikkje vil ha E39 via Stryn.

Både Noralv Distad (H), Nils P. Støyva (Ap) og Jenny Følling (Sp) meiner alle at E39 bør krysse Nordfjorden via Anda-Lote.

Les heile saka på www.nrk.no/sf


Les også tidlegare nyheitskriv E39 via Stryn, her på Vikanenett.


(Sist oppdatert 06.desember 2011, 12:29)

Gå til nyhendearkiv