Innvik

Vikanenett

Innvik - Utvik

Nyhende

– Støyva er heilt bak mål

Intern strynekrangel om E39-trasé

Av NRK Sogn og Fjordane

Avisredaktør Bengt Flaten i Stryn går hardt ut mot sin tidlegare ordførar når han kastar seg inn i striden kring ny E39-trasé i Nordfjord.

Eksordførar i Stryn, og fylkesleiar i Arbeidarpartiet, Nils P. Støyva, støttar Anda-Lote som framtidig stamveg i Nordfjord.

Bengt Flaten, redaktør i avisa Fjordingen, meiner utspelet er heilt bak mål og viser til at indre line om Stryn både er billegast og fører til kortare reisetid.

– Ein stamveg skal vere kortaste veg mellom to ytterpunkt veldig langt frå kvarandre, og så må eksisterande vegnett nyttast som gode tilførselsvegar til ein stamveg. Vi kan ikkje byggje stamvegar som går innom kvar bygd og kvart nes, held Flaten fram.

Les heile saka på www.nrk.no/sf.

Det er av sine eigne...

Av Fjordingen

"Når han og har ein jobb som prosjektleiar for næringsutvikling i Stryn, har Støyva teke på seg roller som ikkje går i hop."

Les heile leiarartikkelen av Bengt Flaten i Fjordingen onsdag 7. desember 2011, side 2.
Fjordingen kan også kjøpast i laussalg gjennom nettstaden www.buyandread.com.



Les også tidlegare nyheitskriv Får kritikk for å svikte heimstaden, her på Vikanenett.


(Sist oppdatert 07.desember 2011, 22:43)

Gå til nyhendearkiv