Innvik

Vikanenett

Innvik - Utvik

Nyhende

November 2011 - bilde

"over skodda… er himmelen alltid blå" fekk flest stemmer i november

Av Harald Røyrvik

Av dei 5 innsendte bilda i november, vart det bilde "over skodda… er himmelen alltid blå" som Steinar Frøholm har tatt som fekk flest stemmer denne månaden.

over skodda… er himmelen alltid blå © Steinar FrøholmI november fekk Steinar Frøholm flest stemmer for landskapsbilde over skodda… er himmelen alltid blå med 11 stemmer.

Totalt var det gitt 36 stemmer i november godt fordelt på dei 5 stk innsendte landskapsbildabilda.
Det var tre fotografar som bidrog med bilder denne månaden og dei to andre fotografane fekk henholdsvis 10 stemmer for Tjønnane i skodde og 8 stemmer for Doggdråpedag....

Sjå nærmare på desse og andre bilder under bildegalleriet
( Landskap / Dyreliv / Hendingar / Planter ).

Herved får Steinar Frøholm hederlig omtale gjennom dette nyheitsskrivet og ved å ha bilde sitt på Bildegalleriet i omlag ein månad.

De andre som også har eit digitalt kamera, ikkje vere redde for å sende inn eit bilde og del det med oss andre på Vikanenett. Send inn bilde til ha-roeyr@online.no.

Ver og med på å stemme fram beste bilde i desember ved å trykke på "Lik dette" under bilde eller ved å sende meg ein mail. Du kan stemme når du vil og på så mange bilder du vil, heile månaden og litt ut i neste.

Det er no 140 som følgjer Vikanenett på Facebook, følg med du også på www.facebook.no/vikanenett.


(Sist oppdatert 09.desember 2011, 10:54)

Gå til nyhendearkiv