Innvik

Vikanenett

Innvik - Utvik

Nyhende

Ja, til Agjeldstunnelen

150 mill. til Innvik - Olden

Av Fjordingen

Fylkestinget har løyvd 150 millionar kroner til Olden - Innvik.

Vedtaket var samrøystes etter at Frp først hadde fremja eit utsetjingsforslag der dei villle setje anlegget på vent til det var kome avklaring på om det blir indre linje som blir vedteken for framtidig E39. Utsetjinga fekk berre dei tre røystene til Frp.

Det blir anleggsstart på Agjeldstunnelen i april etter at fylkestinget sa ja til ei løyving på 150 mill kroner onsdag. Det skal også byggjast ferdig veg til innslaget for Vanbergstunnelen.

Les meir om saka på www.fjordingen.no eller heile saka i Fjordingen fredag 16. desember 2011, side 5.
Fjordingen kan også kjøpast i laussalg gjennom nettstaden www.buyandread.com.



Les også tidlegare nyheitskriv Anleggstart for Agjeldstunnelen, her på Vikanenett.
Eller sett deg meir inn i dokumenta frå finansutvalet på www.sfj.no.



(Sist oppdatert 16.desember 2011, 12:49)

Gå til nyhendearkiv