Innvik

Vikanenett

Innvik - Utvik

Nyhende

Vågsøy vil ha indre E39-line

Vågsøy vil ha indre E39-line

Av NRK Sogn og Fjordane

Eit fleirtal i Vågsøy kommunestyre vil at E39 bør gå slik Vegvesenet tilrår med tunnel under Utvikfjellet og ei framtidige brukryssing av Nordfjorden ved Svarstad i Stryn.

Dermed går fleirtalet i Vågsøy imot alternativet med bru mellom Lote og Anda, slik nabokommunen Eid så sterkt ivrar for.

Kommunestyret har drøfta saka utan å gjere vedtak, men ordførar Morten Hagen seier diskusjonen viste fleirtal for det indre alternativet av omsyn til kystvegen.

Les heile saka på www.nrk.no/sf.

Går for indre E39-trasé

Av Fjordingen

I kommunestyret stadfesta Anne-Britt Øen Nygård at ho har bestemt seg for å støtte indre trase på E39-strekninga Volda-Skei.

Konseptvalutgreiinga (KVU) blir tema på januarmøte i Hornindal kommunestyre. På møte sist torsdag presenterte ordførar Øen Nygård dei ulike trasealternativa for kommunestyrerepresentantane. Ho la ikkje skjul på at etter hennar syn peikar indre trase via Stryn seg ut som den beste.

Les heile saka i Fjordingen onsdag 21. desember 2011, side 7.
Fjordingen kan også kjøpast i laussalg gjennom nettstaden www.buyandread.com.




(Sist oppdatert 23.desember 2011, 12:17)

Gå til nyhendearkiv