Innvik

Vikanenett

Innvik - Utvik

Nyhende

Vikane Røde Kors bør få ei takk

Mannskapa frå Vikane Røde Kors bør få ei takk for den jobben dei har utført no!

Av Olav Rune Myklebust

Eg vil med dette takke alle i Vikane Røde Kors som har gjort en fantastisk innsats i forbindelse med uværet vi har hatt no.

Ei spesiell takk til hjelpekorpset som har stått på døgnet rundt sidan 2.juledag.

De har fått i gang aggregat og ettersett dette, slik at vi har hatt straum på Vikane Omsorgsenter.

De har fått opp samband, slik at vi har hatt et vel fungerande internt samband i Stryn kommune.

De har vore rundt i bygdene for å sjekke at ingen av innbyggerane leid noko naud.

De har vore ute og sjekka at veiene har vore framkommelege.

De har vore med på linjerydding, slik at vi kunne få straumen tilbake så snart som råd var.

Eg skal videreformidle stor takk frå Stryn kommune v/ordfører Sven Flo og frå Sogn Og Fjordane Røde Kors v/ distriktsleiar Odd Erik Loftesnes , for den jobben som har blitt utført.

Til slutt vil eg ønske alle innbyggerane i bygdene her et godt nytt år, med ønske om at starten på det nye året blir rolegare enn utgangen av dette året.

For Vikane Røde Kors
Olav Rune Myklebust

- Nasjonal beredskap treng eit løft

Av Fjordingen

- Det må takasst eit nasjonalt løft på tvers av alle parti for å bygge opp ein nasjonal beredskap som sikrar innbyggjarane våre, seier ordførar Sven Flo etter at indre Nordfjord har vore totalt isolert frå omverda i nærare to døgn, etter orkanen Dagmar.

- Utan ein frivilleg organisasjon som hjelpekorpsa i Stryn, Olden og Vikane ville vi vore heilt hjelpelause, seier Flo.

- Enorm frivilleg innsats

Av Fjordingen
Hjelpekorpsa og kommunale etatar gjorde ein enorm frivilleg innsats i indre Nordfjord i samband med juleorkanen.
Hundretals personar var i sving for å redde liv og helse i Stryn og Hornindal.

Les alt om desse to sakene i Fjordingen fredag 30. desember 2011, side 2 og 12.
Fjordingen kan også kjøpast i laussalg gjennom nettstaden www.buyandread.com.



(Sist oppdatert 31.desember 2011, 16:10)

Gå til nyhendearkiv